Tilbake til alle arrangementer

HOMO

  • Storgata Camping 5 Storgata Tromsø, Troms og Finnmark, 9008 Norway (kart)

Homo er et stort, ungt og svært talentfullt band fra Tromsø, med medlemmer fra både musikklinja på Kongsbakken og Musikkonservatoriet. Musikken og uttrykket vitner om et mål og ønske om å spre positivt energi og fengende låter. Det er stor stas for Jazzfestivalen å presentere de fremtidige jazzstjernene, og vi er overbevist om at vi kommer til å se mye av dette bandet og medlemmene i årene som kommer!

Bandet omtaler seg selv og sitt utrykk på følgende måte:

Vi er eit band på 10, som spelar energisk og dansbar pop, som er inspirert av funksjangeren og jazz. Som band har vi eit litt spesielt scenisk uttrykk, og ein del av dette uttrykket er sjølvsagt bandnamnet i seg sjølv. Ordet Homo er eit ladd ord, med mange sterke kjensler knytt til seg. Dessverre er det hyppig brukt som skjellsord, sjølv om ordet i seg sjølv berre betyr ein/lik. Om ordet skal miste si kraft som skjellsord, må det brukast av opposisjonen. Det må seiast høgt og ofte i daglegtale for at det ikkje skal vere kontroversielt.

Ved å bruke Homo som bandnamn, ynskjer vi å gi ordet ei positiv tilknyting. Vi ynskjer å binde ordet saman med godkjensla ein får av å høyre på musikk. Vi ynskjer at ein skal kunne identifisere seg med ordet, slik ein kan kjenne seg igjen i musikk. Vi ynskjer å gi lyttarane våre eit inntrykk av at det ikkje er så farleg, uansett kva ein skulle kjenne på. Vi er alle like, vi er alle homo sapiens, og vi er ikkje aleine. Mest av alt håpar vi du kan bry deg meir om musikken vår enn bandnamnet vårt, slik som dei som er skeiv ynskjer at du skal bry deg meir om kven dei er, enn at dei er skeive. Også håpar vi du får lyst å danse! 

Bandet er nok ikkje ei lita affære; med si store besetning består dei av bass, gitar, tromme, trompet, trombone, 2 saksofoner og heile 3 vokalistar. Bandet består av Sofie Lauritzen (18), Tuva Haua (18), Frida Sørbøe (17), Amund Bellika (17), Brage Navas (18), Fredrik Sandvik Olsen (19), Krister Wollen (19), Kevin Dahlberg Karlsen (18), Jonas Eskeland (21) og Håkon Rasmussen (16).

Forrige
Forrige
14. august

REKONSTRUKSJON - UTØYA

Neste
Neste
14. august

SHINE ON THEM - REQUIEM